|
Article on other languages:
|
Tian Shan (kinesisk 天山; Pinyin: Tiān Shān; «Himmelfjella»; uigurisk Tangri Tagh), òg ofte skrive Tien Shan, er ei fjellkjede i Sentral-Asia. Namnet Tian Shan som stort sett er i bruk i dag, er ei kinesisk omsetjing av det uiguriske namnet, som kan gå tilbake til ein Xiongnu-namn, Qilian (祁连), omtalt av Shiji som heimlandet til Yuezhi. Dette er derimot vorte hevda[1] at dette refererer til ei fjellkjede 1500 km lenger aust som i dag heiter Qilian Shan. Ei nærliggande fjellkjede, Tannu-Ola-fjella (tuvinsk Таңды-Уула, Tangdy-Uula), tyder òg «Himmelfjellet». Fjellkjeda ligg nord og vest for ørkenen Taklamakan i grense området mellom Kasakhstan, Kirgisistan og provinsen Xinjiang i Kina. I sør glir fjella over i Pamirfjella. Ho strekk seg òg inn i Xinjiang og dei nordlege områda av Pakistan, der ho møter Hindu Kush. I vestleg kartografi vert den austlege enden av Tian Shan sett til like vest for Ürümqi, medan rekkja aust for denne byen vert kalla Bogda Shan. I kinesisk kartografi frå Han-dynastiet og fram til i dag, vert Tian Shan rekna for å inkludere Bogda Shan og Barkolfjella. Tian Shan er ein del av det orogeniske beltet rundt Himalaya som oppstod då den indiske og eurasatiske jordskorpeplata kolliderte i kenozoikum-perioden. Dei er ei av dei lengste fjellkjedene i Sentral-Asia og strekk seg 2 800 km austover frå Tasjkent i Usbekistan. Den høgaste toppen i Tian Shan er Jengish Chokusu med ei høgd på 7 439 moh, som òg er det høgaste punktet i Kirgisistan og ligg på grensa til Kina. Det nest høgaste fjellet er Khan Tengri («Andane sin herre») på 7 010 moh, som ligg på grensa mellom Kasakhstan og Kirgisistan. Fjellklatrarar klassifiserer desse to som dei nordlegaste toppane i verda over 7 000 meter. Torugart-passet ligg på grensa mellom Kirgisistan og Xinjiang i ei høgd på 3 752 moh. Dei skogkledde Alataufjella, som ligg i dei lågare nordlege delane av Tian Shan, er busett av folk som talar tyrkiske språk. Dei største elvane som spring ut frå Tian Shan er Syr-Darja, Ili og Tarim. Aksuravinen er ein attraksjon nordvest i Tian Shan. Ein av dei første europearane ein kjenner til som først vitja og skildra Tian Shan i detalj var den russiske utforskaren Peter Semenov i 1850-åra.
ØkologiTian Shan inneheld viktige skogar med Schrenkgran (Picea schrenkiana) i høgder over 2 000 meter. Dei lågare fjellsidene har unike naturlege skogar med vill ekte valnøtt- og epletre. Kinesisk religionI daoismen meiner ein at gudinna av vesten vaktar over ferskentrea av udødelegdom i Tian Shan. Galleri
Sjå ògKjelder
FotnotarBakgrunnsstoffMore about Tian_Shan: tian shan mountain, |
||||||||||||||||||||||||||||||||||
This article is from Wikipedia. All text is available under the terms of the GNU Free Documentation License.