|
Article on other languages:
|
METAR er ein spesiell kode for vêrobservasjonar frå ein flyplass, og står for Meteorological Aerodrome Report. Desse vert brukt av flypilotar, hovudsakleg som ein vêrbrief før dei tar av. Dei vert òg brukt av meteorologar som nyttar informasjonen til å varsle vêret. Rapportane kjem vanlegvis ti minutt på kvar heile time, og stundom ti minutt før kvar halve time. Om vêrsituasjonen skulle endre seg drastisk kan dei i tillegg sende ut oppdateringar kalla SPECI. Koden vart internasjonalt innført i 1968 og har vore modifisert fleire gonger sidan. Ein typisk METAR rapport innheld data om temperatur, doggpunkt, vind, nedbør, skydekke, skyhøgd, sikt og lufttrykk. Dei kan òg innehalde nedbørmengder, lyn og anna informasjon som er av interesse for pilotane eller meteorologane. I tillegg kan det leggast ved eit kortidsvarsel kalla TREND på slutten av ein METAR for å vise til sannsynlege vêrendringar dei neste to timane etter ein observasjon. Desse er på same formatet som ein TAF (Terminal Aerodrome Forecast).
Internasjonal METAR kodeAmerikansk METAR kode er litt annleis enn World Meteorological Organization sin, som me brukar her i Noreg. Stasjons IDMETARkoden byrjar med ein stasjon ID på fire bokstavar etter ICAO (International Civil Aviation Organization) sine flyplasskodar. Døme: ENBR som er Bergen lufthamn. ObservasjonstidspunktFormat: ddttmmZ
Døme: 222150Z - klokka 21:50Z den 22. i månaden. Vindstyrke og retningFormat (ein av fire):
Døme: 36023G33KT - Vind frå 360 grader (nord), vindstyrke på 23 knop med vindkast på 33 knop. Horisontal siktFormat: VVVV, eller VVVVDv eller VVVVDv VxVxVxVxDv
Døme: 5000NW - Minste sikt er 5000 m mot nordvest. Vanlegvis vert berre den minste sikten rapportert, men om den minste sikten er mindre enn 1500 m i ei retning, og den største sikten over 5000 m i ei anna retning, så bruker ein i tilegg gruppa for maksimal sikt og retningsindikasjonen. I USA vert sikten gjeve i miles og brøkdelar. I dette tilfellet vert VVVVVSM brukt. RullebanesiktFormat: RDRDR/VRVRVRVRi eller RDRDR/VRVRVRVRVVRVRVRVRi
Døme: R10/1000V1800D. Rullebanesikta på høgre rullebane 10 er 1000 m i ein retninga og 1800 m i andre retninga, men vert lågare. Noverande vêrFormat: w′w′ Skildrar vêret på flyplassen i observasjonstidspunktet, og består av følgjande komponentar: IntensitetIndikerer nedbørsintensitet.
SkildringSkildrar nedbøren.
NedbørGjev type nedbør. Sludd vert skriven SNRA eller RASN. SiktnedsettandeGjev årsaka til nedsett sikt
Andre
Døme: -RA BCFG BR - Lett regn, tåkeflak (område med sikt mindre enn 1000 m) og elles disig. SkyerFormat: NsNsNshshshs eller VVhshshs eller SKC eller NSC eller CLR.
Viss eit skylag har cumulonimbus eller opptårna cumulus, vert CB eller TCU brukt etter skybasehøgda. Døme: FEW010 SCT020CB BKN070 - få skyer i 1000 ft, spredt skydekke i 2000 ft med CB-skyer og tettare skydekke i 7000 ft. CAVOKCAVOK står for «Ceiling and visibility OK» som erstattar gruppene for sikt, vêr og skyer visst følgjane vilkår er oppfyllt:
Temperatur og doggpunktFormat: T′T′/T′dT′d
Minusgrader vert skrive med ein M føre temperaturen. Døme: 04/M02 - temperatur på 4ºC og doggpunkt på -2ºC. LufttrykkFormat: QPHPHPHPH
Døme: Q0996 - lufttrykk midla til havnivå på 996 hPa. Nyleg vêrFormat: REw′w′ Same kodane som for noverande vêr. Døme: RETSRA - indikerer at det har vore torevêr med regn sidan forrige observasjon. VindskjerFormat: WS RWYDRDR eller WS ALL RWY
Døme: WS RWY11L - indikerer vindskjer på rullebane 11L. TrendBruker følgjande forkortingar i lag med andre komponentar nemnd ovanfor.
Døme: BECMG -SHRA SCT030CB TEMPO 4000 RADZ BKN010 - vêret innan dei neste to timane blir lette regnbyger, spredt skydekke i 3000 ft med cumulonimbus (og dermed torefare), midlertid sikt på 4000 m med regn og yr og nesten overskya i 1000 ft høgd. MerknadarFormat: RMK etterfulgt av andre komponentar nemnd ovanfor og andre forkortingar. Døme: RMK WIND 850 FT 29015 KT - merknad: vind i 850 ft er 15 knop frå retning 290 grader. Døme på fullstendig METAR-kodeDenne er henta frå Bergen lufthamn (Flesland)
22. i månaden kl. 0120Z. Vindstyrke 6 knop frå 90 grader (aust), men vindretninga har variert frå 50 til 120 grader siste 10 minutt. Sikt meir enn 10 km. Skydekke «broken» i 5100 ft. Temperatur 7ºC og doggpunkt 0ºC. Lufttrykk (QNH) 984 hPa. More about METAR: adds metar, metar weather, metar report, metar code, metar decoder, metar data access, metar decode, decoding metar, |
This article is from Wikipedia. All text is available under the terms of the GNU Free Documentation License.