|
Article on other languages:
|
Republikken Litauen (litauisk Lietuvos Respublika, kortnamn Lietuva) er ein stat som ligg ved Austersjøen nordaust i Europa.
HistorieLitauen er kjend frå 1009. Storfyrstedømet Litauen var eit av dei største landa i Europa på 1400-talet. Frå 1795 til 1918 var Litauen underlagt Russland. Under den fyrste verdskrigen kom området under tysk kontroll, og under tysk innflytelse erklærte den 11. desember 1917 Kongedømmet Litauen seg uavhengig av Russland med hertug Wilhelm av Urach, greve av Württemberg, som konge under navnet Mindaugas II av Litauen. Litauen vart erklært som eit sjølvstendig land 16. februar 1918. Landet endra forfatning til republikk den 2. november same året. 15. juni 1940 vart landet okkupert av Sovjetunionen. Denne ulovlege okkupasjonen varte til august 1991. PolitikkLovgjevende forsamling: Seimas. Heilt sidan uavhengigheita frå Sovjetunionen i 1991 har medlemskap i internasjonale fora stått fremst i både innenriks- og utenrikspolitikken. Litauen har vorte medlem av mellom anna Dei sameinte nasjonane (SN), Den nordatlantiske forsvarsalliansen (NATO) og Den europeiske unionen (EU - frå 1.5.04). Litauen deltar også i Det baltiske råd og Austersjørådet. Geografi
Litauen ligg i Nord-Europa ved Austersjøen som landet har ei 99 km lang sanddekt kystlinje mot. I luftlinje er berre kystlinja om lag 38 km mot havet, som er det kortaste av landa i Baltikum. Årsaka til den lange lengda er Den kuriske landtunga som strekk seg ut mellom Austersjøen og Den kuriske bukta. Berre eit smalt sund går mellom bukta og havet og i dette sundet ligg Klaipėda, den store isfrie hamnebyen til Litauen. Den kuriske bukta er ein grunn lagune som strekk seg sørover til Kaliningrad. Den største elva i Litauen, Nemunas, munnar ut i bukta. Denne, og nokre av sideelvane hennar, har noko skipstrafikk. Landskapet i Litauen vart forma av isbreane under den siste istida. Ein har noko høgare moreneområde i vest og i aust, men ingen stader er høgare enn 300 meter over havet. Den høgaste toppen er Aukštojas på 294 meter over havet. Litauen har mange innsjøar og myrområde. Ein sone av blandingsskog dekkjer om lag 30 % av landet. I følgje ein geografiske datamodell, ligg Vilnius berre nokre få kilometer sør for det geografiske senteret i Europa. Litauen består av følgjande historiske og kulturelle regionar:
Litauen grensar til følgjande land:
Sjøgrense i Austersjøen: 99 km. KlimaDet meste av Litauen ligg berre eit par timars køyretur frå Austersjøen og har eit temperert og maritimt klima. Dei indre områda av landet, inkludert turistområda Vilnius og Trakai, har derimot større temperaturskilnadar mellom sommar og vinter. Vinteren er kald over heile landet, men kystområda er ein god del mildare enn resten av landet, og kan ha periodar med plussgrader. Sørvestlege delar av kysten er opp til 2ºC varmare enn innlandet om vinteren. Ein har snøfall med jamne mellomrom, og på kysten av og til regn. Somrane er milde, og innnimellom kan ein få nokså varme dagar i juli og august. Sommaren og våren er som regel den våtaste tida på året, sjølv om det ikkje kjem dei store mengdene. Vilnius har ein årleg nedbørsnormal på 662 mm. DemografiLitauarane har assimilert opp i seg ei rekke tidlegare baltiske folkegrupper som til dømes jotvingerane, gammelprøysserane og selerane. Av folkesetnaden idag er 82% litauarar, 8% russere og 6% polakkar. Under den sovjetiske okkupasjonen vart det ført ein aktiv russisk koloniseringspolitikk mot dei baltiske landa. 68,5% av alle innbyggjarar bor i byar. Landet har ingen statskyrkje, men den Den romersk-katolske kyrkja har mest oppslutnad. Endringar i folketalet i perioda 1994-2005Folketalet i Litauen har gått ned med over 200 000 dei siste ti åra. Ein rekner med at 13% av dei yrkesaktive i landet har emigrert, fyrst og fremst for å skaffe seg betre betalte jobbar. Denne tendensen har auka kraftig i samband med EU-medlemskapet. Mange jobbar er nå ledige på grunn av utvandringa. Tabellen under viser utviklinga av folketalet ved byrjinga av kvart år i antal tusen.
Største byarTal frå 1. januar 2004
FylkeLitauen er inndelt i 10 fylke (lit. «apskritys») og 60 kommunar. Innbyggjartal i fylkene frå 1. januar 2004:
Bakgrunnsstoff
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
This article is from Wikipedia. All text is available under the terms of the GNU Free Documentation License.