|
Article on other languages:
|
Irak er eit land i Midt-Austen, sørvest i Asia. Det omfattar det eldgamle Mesopotamiaområdet der elvane Eufrat og Tigris møtest. Landet har grenser til Saudi-Arabia og Kuwait i sør, Jordan i vest, Syria i nordvest, Tyrkia i nord, og Iran i aust. Dagens Irak blei til som eit britisk mandatområdet etter den første verdskrigen, og fekk sjølvstende i 1932. Det nye landet opplevde mykje politisk uro fram til Ba'ath-partiet, leia av Saddam Hussein, tok makta i 1968. Han styrte landet med jernhand og leia det inn i to krigar, krigen mellom Iran og Irak som varte frå 1980 til 1988, og invasjonen av Kuwait i 1991, som førte til Gulfrigen og internasjonale sanksjonar mot landet. Dette regimet fall etter at amerikanske styrker invaderte landet i 2003. I 2005 hadde det sitt første demokratiske val, sjølv om ein stor del av sunnimuslimane i landet boikotta valet. KlimaI Irak finn ein nokre av dei høgaste temperaturane i verda, og særleg dei vestlege ørkenområda har eit barskt klima. Den steikande varmen kjem i tillegg til ein nordvestleg vind, kalla shamal, som ofte fører til støvete forhold. Fjellområda i nordaust (Kurdistan) har litt lågare temperaturar, og ein kan få snø i desse områda og Nord-Irak om vinteren. Vinteren i sør er derimot mild. Det meste av landet har ørken eller steppeklima med mindre enn 200 mm kvart år. Bagdad har ein årleg nedbørsnormal på 140 mm. Berre i dei nordlege områda, og i Kurdistanfjella får ein litt meir nedbør. Frå mai til september er det så godt som heilt tørt, og den våtaste tida på året er desember til mars. Smeltande snø i fjellområda i Tyrkia, Iran og Kurdistan kan gje flaum i elvene Tigris og Eufrates seint på våren eller tidleg på sommaren.
More about Irak: irak war, guerra en irak, guerra de irak, irak maliki, irak kurtlar vadisi, guerra irak, video de irak, besler irak maskeli, bombe irak krieg, |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
This article is from Wikipedia. All text is available under the terms of the GNU Free Documentation License.