Biologisk orden

Article on other languages:

del.icio.us del.icio.us
Digg Digg
Furl Furl
Reddit Reddit
Rojo Rojo
Add to OnlyWire

Biologisk orden er ein kategori nytta i den biologiske systematikken. Ein orden kan omfatte ein eller fleire beslekta familiar, og ein eller fleire beslekta ordenar kan sammenfattast som ein klasse.

Som hos andre kategoriar (med unnatak av arten) er det eit reint skjønsspørsmål kva gruppe ein vel å kalle orden. Innafor dagens systematikk er ein derfor meir opptatt av slektskapet mellom organismane eller stamtre enn av kategoriar.

Vitskapelege namn for planteordenar blir danna ved at rota av namnet på typusslekta får endinga -ales, underordenar har endinga -ineæ. I zoologien finst det ikkje tilsvarande reglar, sjølv om mange insektordenar sluttar på -ptera og mange virveldyrordenar på -formes.

Kjelde

This article is from Wikipedia. All text is available under the terms of the GNU Free Documentation License.