Biologisk klasse

Article on other languages:

del.icio.us del.icio.us
Digg Digg
Furl Furl
Reddit Reddit
Rojo Rojo
Add to OnlyWire

Biologisk klasse er ein kategori nytta i den biologiske systematikken. Ein klasse kan omfatte ein eller fleire beslekta ordenar, og ein eller fleire beslekta klassar blir samanfatta som ei rekkje.

I likskap med andre kategoriar (med unnatak av art) er det eit reint skjønnsspørsmål kva gruppe ein vel å kalle ei klasse. I dag er systematikken derfor meir opptatt av slektskapet mellom organismar eller stamtre enn av kategoriar.

I botanikken blir det vitskapelege namnet for ein klasse danna ved at rota til namnet på typusslekta får endinga -phyceæ (for algar), -opsida (for landplanter) eller -mycetes (for soppar). Dei tilsvarande endingane for underklasser er -phycidæ, -idæ og -mycetidæ.

Kjelde

Omsett frå Wikipedia på riksmål/bokmål

This article is from Wikipedia. All text is available under the terms of the GNU Free Documentation License.