|
Article on other languages:
|
Ei aminosyre er ei organisk sambinding som inneheld ei aminogruppe (-NH2) og ei syregruppe (-COOH). Aminosyrer kan danna lange kjeder ved at aminogrupper reagerer med syregrupper. Dette vert kalla peptidbinding. Innan biokjemi omtalar ein gjerne alfa-aminosyrer med det kortare namnet aminosyre. Alfa-aminosyrene har formel NH2-CHR-COOH der sidegruppa R kan variera. Desse er intermediat i stoffskiftet, og er spesielt byggesteinar i protein. Alfa-aminosyrene vert inndelte etter dei kjemiske eigenskapane til sidegruppene og korleis dei oppfører seg under fysiologiske forhold (37°C, pH 7,4). Generell struktur av alfa-amionsyrer: COOH | H-C-R | NH2
InndelingDet er normalt 20 ulike aminosyre som inngår i protein. Av desse er 9 essensielle (må skaffast gjennom matinntak), medan 11 kan syntetiserast av kroppen. (Tala er ikkje absolutte, då syntesen av enkelte ikkje-essensielle aminosyrer er nært kopla til matinntaket av bestemte essensielle aminosyrer. Spesifikt vert tyrosin danna med utgangspunkt i fenylalanin, medan cystein krev metionin i syntesen. I tillegg er også glysin og arginin essensielle på vilkår.) Under fylgjer ei anna inndeling av aminosyrene, etter enkelte kjemiske eigenskapar: Upolar, alifatisk R
Upolar, aromatisk R
Polar, uladd R
Negativt ladd R (sur)Positivt ladd R (basisk)HugsereglarDei hydrofile aminosyrene: PROFET GAV LIM (prolin, fenylalanin, tyrosin, tryptofan, glysin, alanin, valin, leucin, isoleucin og - til ein viss grad - methionin). Dei hydrofobe aminosyrene: SCOT HALL AGGA (serin, cystein, treonin, histidin, arginin, lysin, asparagin, aspartat, glutamin og glutamat). Dei ikkje-essensielle aminosyrene: ACG pst... (alanin, arginin, asparagin, aspartat, cystein, glutamin, glutamat, glysin, prolin, serin, tyrosin). |
This article is from Wikipedia. All text is available under the terms of the GNU Free Documentation License.